Oppgraderar farevarsel for indre strøk:

Raudt i både Stryn og Hornindal

Spesielt stor fare for jord- og sørpeskred. 

Raudt i indre: Både Stryn og Volda kommunar er no farga raudt i NVE sitt oppdaterte varsel   Foto: Varsom.no

Nyhende

NVE sitt farevarsel er no oppgradert til raudt og høgaste nivå i fleire kommuner i Vestland fylke. Årsaka er spesielt stor fare for jord- og sørpeskred.

NVE forventar svært mange jord-, sørpe- og flaumskred og frykter at skred kan nå bebyggelse og vegar.

Størst fare er venta frå natt til torsdag.

NVE skriv i oppdatert varsel at fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø. For flaum- og jordskred er bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring spesielt utsett. Med gjeldande prognose er indre strøk av Vestlandet og Midt-Norge særs utsett. Det er no vent 100 - 150 mm, lokalt nærare 200 mm i perioden onsdag til torsdag. Høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting, skriv NVE.