- Skal gjere vurderingar av vegstengingar undervegs

- At det går ut melding om at fylkesvegane er stengde med ny vurdering fredag morgon, skal ikkje bety at vi ikkje skal kunne gjere vurderingar undevegs, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.

Oldedalsvegen vart tilliks med fleire andre vegar i distriktet stengd tysdag kveld, med ny vurdering fredag morgon.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Bakgrunnen for stengingane er at NVE har sendt ut raudt farevarsel i høve jord-, sørpe og flaumskred, der det vert sagt at den største faren er venta natt til torsdag. I tillegg orange farevarsel når det gjeld nedbør, opplyser avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.