Strynefjellsvegen og fleire fylkesvegar er stengde

Onsdag morgon vart også rv 15 Strynefjellsvegen stengt på grunn av uver.

Stengt: Rv 15 Strynefjellsvegen er stengt mellom Grotli og Skåre, på grunn av uver.   Foto: Statens vegvesen webkamera

Nyhende

Følgjande vegstrekningar er stengde onsdag morgon:

Rv 15 Strynefjellsvegen, med ny vurdering torsdag morgon.

Fv 5722 Lindvik-Flo, med ny vurdering fredag morgon.

Fv 5723 Sande-Bødal, med ny vurdering fredag morgon.

Fv 5724 Sandnes-Briksdalen, med ny vurdering fredag morgon.

Fv 5829 Otterdal, med ny vurdering torsdag morgon.

Fv 5744 Fossebakken-Navelsaker, med ny vurdering fredag morgon.

Også andre vegstrekningar kan bli stengde. Du kan følgje med på utviklinga på vegvesen.no