Oldedalsvegen:

- Tullete å stenge to og eit halvt døgn utan vurdering

Mjølkebonde Sindre Aabrekk er kritisk til at fylkesvegen til Oldedalen er stengd heilt til fredag morgon. – Det burde vore ei ny vurdering i dag. Å berre stenge i to og eit halvt døgn, utan vurdering undervegs, held ikkje, seier han.

Kritisk: Sindre Aabrekk i Brenja Samdrift er kritisk til at fylkesvegen til Oldedalen er stengd heilt til fredag morgon, utan at det skal gjerast nokon vurdering undervegs.   Foto: Privat

Nyhende

Aabrekk er ein av eigarane av Brenja Samdrift i Oldedalen. Førebels har dei kapasitet til mjølka, men også andre problem dukkar opp når vegen blir stengd over lenger tid.