Korona:

Fleire er smitta i Stryn

Mistenkjer Omikron

ILLUSTRASJONSFOTO.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Stryn kommune melder om 12 nye smittetilfelle med koronavirus det siste døgnet. Kommunen mistenker at det er omikron-varianten som er påvist.

- Omikron er det dominerande koronaviruset i Norge og ut frå kor fort smitten har spreidd seg, mistenkjer vi omikronvarianten også her, skriv kommunen i ei pressemelding torsdag.

Kommunen opplyser at fira av dei smitta er elevar ved Olden skule. Dei aktuelle klassane er informert av rektor og det blir delt ut testar på skulen.

- Barn er ikkje i karantene så lenge dei ikkje er i same husstand som smitta. Det blir teke test i dag og før skule måndag. Ved nyoppstått symptom skal ein halde seg heime og ta ny test, skriv kommunen.

Ein tilsett ved Vikane Omsorgssenter har og testa positivt. Nærkontaker blir sett i karantene, og aktuelle brukarar blir testa etter individuell vurdering.