Fleire vegar framleis stengde

- Vind i høgfjellet og nedbør gjer at det er framleis er stor skredfare i området, seier Eivind Yttri i Vestland fylkeskommune.

Vegen mellom Sande og Bødal er framleis stengd.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Følgjande fylkesvegar i indre Nordfjord er framleis stengde:

  • Fv. 5744 Fossebakken-Navelsaker ved Navelsakerstranda
  • Fv. 5722 Veslebygda-Flo
  • Fv. 5723 Sande-Bødal
  • Fv. 5724 Sandnes-Briksdal
  • Fv. 5720 Hjellestranda
  • Fv. 5829 Grodås-Otterdal

- Ingen av desse vegane vert opna i dag. Vind i høgfjellet og nedbør gjer at det er framleis er stor skredfare i området. I tillegg er det vegar som er stengde mellombels grunna hendingar på vegen, opplyser Yttri som er seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune.

Også rv 15 Strynefjellsvegen held stengt grunna fare for snøskred.