- Håpar vi skal sleppe å stadig sitje med klump i magen

Folk på Flo, i Lodalen og i Oldedalen er stadig innestengde på grunn av rasfare. - Vi håpar vi snart skal sleppe å stadig sitje med klump i magen når vêret blir dårleg og vi skal vurdere om vi skal reise nedover eller ikkje, seier Ingeborg Malm Aabrekk i Oldedalen.

Heimekontor og heimeskule: Martine Malm Aabrekk (6) har heimeskule, medan mor Ingeborg, som til dagleg jobbar på rekneskapskontoret Accountor i Olden, har heimekontor.   Foto: Privat

Nyhende

På Aabrekk i Oldedalen sit mamma Ingeborg Malm Aabrekk på heimekontor. Ho jobbar til dagleg på rekneskapskontoret i Olden, Accountor. Dottera Martine (6) har heimeskule, og Rasmus (4, snart 5) er heime frå barnehagen.