Fv. 60

Jordras mellom Loen og Olden stengde vegen

Like før klokka 05 torsdag morgon var det meldt om eit jordras ved Tyvanestunnelen mellom Loen og Olden. Raset stengde ei periode eitt køyrefelt før Mesta kom og rydda.

Vegbana rydda: Jordraset gjekk ut i vegbana på fv 60 mellom Lovik og Tyvaneset, og vart rydda så snart entreprenør kom til staden.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Tenestestadsleiar Vidar Stavik opplyser til Fjordingen at det var eit mindre ras som no er rydda.