Bilinteressert i motorfestivalbygda:

– Ynskjer å gje kvinnelege bilentusiastar eit ansikt

Nina Cathrin Vik Strand bur i Stryn og omtalar seg sjølv som bilentusiast. Ho er oppteken av å vise fram fleire sider av det bilinteresserte miljøet og å utfordre det stereotypiske synet på rånarar og bilentusiastar.

Ingen typisk rånar: Det er mange som legg merke til ein ikkje-stereotypisk rånar som Nina på sosiale media. Ho trekk fram eit meir mangfaldig syn på bilmiljøet som ein positiv konsekvens, men opplever også kjønnsdiskriminering og hets. 

Nyhende

På videoappen TikTok legg ho ut bilrelaterte videosnuttar og har alt frå 10.000 til 240.000 visningar på videoane sine.