Sentrumsplanen:

Brannstasjon og bubilparkering i Skjolden

Skjolden: I Skjolden, på nedsida av rv 15 ved ungdomsskulen, er det sett av eit større område til plasskrevjande handel, brannstasjon og bubilparkering.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det einaste området som er sett av til forretning i planområdet er lokalisert i Skjolden, sør for ungdomsskulen. Dette området er sett av til arealkrevjande handel. I same området har ein også sett av eit område til offentleg- og privat tenesteyting. Dette tenkt som tomt til ny brannstasjon i Stryn. I følgje plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal vil det kome eiga sak på dette i løpet av våren.