Frå Peppa Gris til Are Kalvø i kulturhuset

Show med Are Kalvø og fleire konsertar og teaterstykke står på programmet til Stryn kulturhus utover vinteren og våren. Viss alt går som planlagt.

Teater Vestland 2: Musikken og humor er sentrale element i showet «Are Kalvø toppar VG-lista». Foto: Presse/Erik Malmo 

Nyhende

– Vi har mykje spennande på programmet framover mot våren, om alt går etter planen. Vi er stort sett fullbooka kvar helg frå februar til mai med ulike arrangement, så vi gler oss til ein hektisk vinter og vår, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.