Mange nye smittetilfelle i Stryn

Har sett inn ekstra smitteverntiltak

ILLUSTRASJONSFOTO.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Det siste døgnet har 21 personar testa positivt for koronavirus i Stryn kommune.

- Omlag halvparten av desse har kjend smitteveg. Den høge og raske smittespreiinga forsterkar mistanke om omikronvariant, og dei fleste har milde symptom, opplyser kommunen fredag kveld.

Det går fram av meldinga at ein av dei smitta er bebuar ved Vikane Omsorgssenter.

- Her er det sett inn ekstra smitteverntiltak og nærkontaktar blir testa jamleg etter individuell vurdering, skriv kommunen.

Tre av de smitta er elevar ved Olden Ungdomskule. Skulen vil informere nærare om testing til dei aktuelle klassane.

I kommuneoverlegen si vudering viser han til helsemyndigheitene som no forventar at smitten vil auke kraftig i vekene framover, også i Stryn.

- Når mange blir smitta samstundes vil fleire vere borte frå jobb. Mykje tydar på at det er rett tidspunkt å tole vesentleg meir smitte i samfunnet, da viruset gir ein klart mildare sjukdom enn tidlegare variantar, skriv kommunen.

I går torsdag meldte kommunen om 12 nye smittetilfelle, antatt Omikron.


Fleire nye smittetilfelle i Volda kommune:

- Trur det er Omikron

Volda kommune har 24 smittetilfelle så langt denne veka.


Volda kommune har 24 smittetilfelle så langt denne veka og 58 tilfelle så langt i år.