Må avlyse for andre år på rad:

Såg lovande ut - så kom «Gyda»

I fjor sette koronaen ein effektiv stoppar for norgescuphelga i skiskyting på Ullsheim. Nok ein gong må arrangøren avlyse, denne gong på grunn av ver- og snøforhold.

Lite snø på Ullsheim: For andre år på rad må norgescuphelga i skiskyting på Ullsheim avlysast. I fjor var det koronaen, i år er det for lite snø og meldingar om mildver som gjer at arrangøren må avlyse.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Dette er sjølvsagt synd for Markane IL og landslinja. Samstundes kan vi ikkje gjere noko med det, seier leiar i Markane IL og lærar for landslinjeelevane, Sjur Ole Svarstad.