Lodalen og Oldedalen opna, Flovegen opnar kl 12:

Strynefjellsvegen og Otterdal framleis stengt

Rv 15 Strynefjellsvegen er stengt mellom Billingen og Skåre.   Foto: Statens vegvesen, webkamera

Nyhende

Fylkesvegane gjennom Lodalen og Oldedalen er begge opna for trafikk fredag morgon. Vegen til Flo vert opna kl 12.00 fredag, etter rydding av nedfall.

Rv 15 Strynefjellsvegen er framleis stengt på grunn av fare for snøskred, med berekna opningstid kl 17.00 fredag, opplyser Statens vegvesen.

Otterdalsvegen mellom Grodås og Otterdal er stengt på grunn av fare for steinskred/steinsprang, og er berekna å opne laurdag kl 09.00.