Straumen gjekk i Oldedalen under uveret:

Vart mange ekstra sjekkturar til fjøset

Oldedalsvegen var stengd på andre døgnet då dei innestengde oldedølene også mista straumen i går kveld. - Det vart ein del sjekking av fjøset i kveld og natt, ettersom vi mista telefonvarslinga, seier Sindre Aabrekk frå Brenja Samdrift.

Oldedølene er godt førebudde, og Brenja Samdrift sette i gang aggregatet då straumen gjekk. - Men det vart ein del ekstra sjekketurar til fjøset både kveld og natt, seier Sindre Aabrekk. Telefonvarslinga forsvann nemleg med straumbrotet.   Foto: Privat

Nyhende

Oldedølene er førebudde på både dårleg ver og stengde vegar, dei har opplevd det meste før.