Kommuneoverlegen:

- Eg anbefalar alle som ikkje har vaksinert seg, eller dei som manglar oppfriskingsdose, om å ta vaksine

Kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken, kjem med ei oppmoding til innbyggjarane i kommunen.

Kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Torsdag opplyste kommunen om 12 koronatilfelle, fredag kom det melding om nye 21 tilfelle. Kommunen og helsemyndigheitene forventar at smitten vil auke kraftig i vekene framover, også i Stryn.

- Eg anbefalar alle som ikkje har vaksinert seg, eller dei som manglar oppfriskingsdose, om å ta vaksine. Dette gjeld spesielt for dei over 45 år, eller dei som har auka risiko for sjukdom ved smitte. Vaksinasjonsteamet er klar for å ta i mot deg på best mogleg måte, og har du behov for å ta kontakt på førehand, kontakt dei, seier Solbakken.

Også komande veke er det drop in vaksinering i Stryn kulturhus.