Rv 15 Strynefjellsvegen og fylkesvegane opna igjen

Rv 15 Strynefjellsvegen er open etter å ha vore stengd eitt par døgn.  Foto: Webkamera, Statens vegvesen

Nyhende

Rv 15 Strynefjellsvegen er open for fri ferdsel etter å ha vore stengd nokre døgn grunna fare for ras.

Også alle fylkesvegane som vart stengde grunna ekstremveret "Gyda" er no opne. Fylkesvegane til Flo, Lodalen og Oldedalen opna fredag, medan fylkesvegen til Otterdal opna laurdag føremiddag.