Sentrumsplanen:

Tek ut gangbru og gågate frå planen

Tinggata: Det blir ikkje permanent gågate her. I staden ser ein føre seg «gatetun», og mogeleg periodevis stenging i helgar og feriar.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Regulering med tanke på gangsti langs begge sider av Stryneelva, kombinert med bru frå Petterneset til Aarheim, er noko av det som har fått særleg merksemd i planarbeidet. Men grunneigarar på Aarheim ønskjer ikkje gangbru, og heller ikkje gangveg på sørsida frå gamlebrua til hengebrua. Dei syner til fare for forsøpling og smitte ved trafikk i eit område for matproduksjon, og at urørt natur er ein knappleiksfaktor og at auka trafikk vil føre til sjenanse for innbyggarane.