Fekk lære kunsten å lage teikneserie

Elisabeth Hamre Tunold vart inspirert til å prøve seg meir på teikneserieskaping.  Foto: Roy Aron Myklebust

Tore Strand Olsen. 

Nyhende

Teikneserieskapar Tore Strand Olsen reiser i desse dagar rundt til ungdomsskuleelevar i Stryn og Hornindal for å lære dei korleis ein teikneserie kan bli til. Dette som del av den fylkeskommunale satsinga, Den kulturelle skulesekken. Strand Olsen står sjølv bak serien "Ørn Bjørn & Jørn".

Mellom elevane i Stryn fann vi 10. klassingen Elisabeth Hamre Tunold. Ho var svært begeistra over dei fire skuletimane med den røynde teikneserieskaparen.

- Veldig interessant å få lære frå ein som er så flink, sa Tunold, som ville heim og prøve seg meir på kunsten å fortelje gjennom teikningar i ruter.