Stryning har utvikla populær mat-app

Appen Mattilbud, utvikla av blant anna stryningen Stian Bøe, er lasta ned over 300.000 gongar.  Foto: Roy Aron Myklebust

Stian Bøe. 

Nyhende

Stryningen Stian Bøe er ein av tre tidlegare NTNU- studentar som hausten 2013 lanserte appen (applikasjonen) Mattilbud. Denne har synt seg svært populær, og omlag eit år seinare har appen blitt lasta ned 300.000 gongar og har over 100.000 aktive brukarar.

- Det er jo veldig kjekt då, seier Bøe, og hevdar at den med dette plasserer seg som ein av dei større norske appane.

Samlar kundeavisene

Mattilbud har som mål å gjere handlekvardagen enklare for oss forbrukarar.

- Vi samlar enkelt og greit alle kundeavisene frå matvarekjedane og gjer dei digitale i denne appen, forklarar Bøe.

- Måndags morgon kan ein gå inn og sjekke kva tilbod som finst den komande veka, seier han.

Har lansert ny app

Trioen bak Mattilbud har dei siste månadane utvikla ein ny app, som heiter eTilbud. Dennne byggjer på same prinsippet, med å samle kundeaviser digitalt, men her er utvalet av varer større.

- I denne er det alt muleg forskjellig eigentleg. Sport og elektronikk har synt seg som dei mest populære kategoriane så langt, seier Bøe. Også denne appen ser ut til å treffe godt. På dei få vekene den har vore tilgjengeleg har totalt 7.000 lasta den ned.

Bigesjeft

- Korleis tener de pengar på slike gratis- appar?

- Vi tener på små annonser som dukkar opp inn mellom alle tilboda. Det byrjar å bli ein del slike annonsørar sidan vi har såpass mange aktive brukarar, fortel Bøe. Men nokon fulltidsjobb er det likevel ikkje.

- Nei, det er ein bigsjeft. No skal eg inn i ny jobb 1. desember som konsulent i eit IT- firma i Oslo. Men vi får sjå kor stort dette kan bli etter kvart. Kanskje kan det bli ein jobb på sikt, avsluttar Stian Bøe.