Fekk utmerkingar på skikrinstinget

Bak f.v.: Ola Rasmus Fannemel (Hornindal IL), Ellen Bodil Kirkeeide (Hornindal IL) og Stig Seljeset (Hornindal IL). Framme f.v.: Daniel Hagen (IL Veten) og Eskil Kveen (Markane IL).  

Nyhende

I samband med Sogn og Fjordane sitt skikrinsting på Skei denne helga vart fleire lokale personar med engasjement innan vinteridrett tildelt prisar og utmerkingar.

Ola Rasmus Fannemel, Ellen Bodil Kirkeeide og Stig Seljeset vart tildelt skikrinsen sitt Heidersmerke med heidersmerkediplom, medan Daniel Hagen frå IL Veten og Eskil Kveen frå Markane vart tildelt skiforbundet sin Magnorpokal for sine prestasjonar i høvesvis alpint og kombinert.