Byggjer tofelts Via ferrata i Loen

Ole Roger Rake er ein av fleire guidar i Via Ferrata i Loen. Her er han klar med endå ei gruppe som vil bestige den populære klatreveggen.  Foto: Kaia Johnsen Viki

Nyhende

Med det som ligg an til ei tredobling av besøket sidan oppstarten i 2012, utvidar Loen Active klatreruta for å unngå kødanningar.

-Førre laurdag sette vi besøksrekord, då hadde vi 90 gjester med førar og 60 som leigde utstyr. Då er det sjølvsagt at det oppstår nokre flaskehalsar og folk blir ståande og vente, seier Erik Brendefur i Loen Active.

Tre karar frå Austerrike er difor i sving i fjellveggen over Loen og byggjer ein ny 50-60 meter lang klatresti i det brattaste partiet, kalla Ormen lange. Såleis blir det no ein tofelts Via ferrata i deler av klatreveggen.

Så langt i år har 1.600 besøkt Via Ferrata i Loen. I fjor var talet 1.900.

- Målet er 3.000 gjester i løpet av sesongen, opplyser ein optimistisk Brendefur.