Ved Folven camping er dei i full sving med å bygge skatepark og såkalla "pumptrack".

- Pumptrack er ei sykkelbane med doseringar og kular. Namnet kjem av at ein skal pumpe fart i kulane, forklarar Fred Syversen ved Folven camping. Han anslår at sykkelbana vil vere klar denne veka, medan skateparken tek form neste veke.

- Då tenkjer vi å invitere Oppstryn skule hit til aktivitetsdag. Meininga er at både lokalbefolking og turistar skal bruke dette, så eg håpar på mange ungar og andre interesserte ved bana utover hausten, seier han.