Storstilt opning av aktivitetsanlegget i Olden

Hans Petter Galtung (framme) har vore ein pådrivar, både for anlegget og som trenar for utøvarane. Her ser vi han saman med frå venstre: Anna Lina. V. Gullbrå, Ruben Aleksander Eide Gjerde, Ida Marie Haugen, Mathias Melheim, Lene Egset, Emil Henden Drageset og Magnar Fredheim. (Foto: Ove Sveen) 

Nyhende

I dag var det storstilt opning av det nye aktivitetsanlegget/friidrettsanlegget ved Olden skule. Både ordførar Sven Flo og nestleiar i friidrettskrinsen, Merete Helgheim var til stades og kasta glans over opninga.

Frå alle, ikkje minst frå rektor Reidar Bruland, vart den ideelle plasseringa på skuleområdet poengtert. Anlegget har gjort heile skuleområdet vakrare og det er tilgjengeleg heile dagen for born, ungdom og eldre.  Her er 100 metersbane, lengdegrop, område for høgde, basketbane og badmintonbane. Diskos- og sleggering vart bygt i sommar. Når ein legg til ballbingen og sandvolleyballbana, må det seiast at Olden har fått eit anlegg å vere stolt over.

Den store pådrivaren har vore Hans Petter Galtung, og han vart særskilt  takka frå friidrettskrinsen med diplom for administrativ innsats.

Andre Opheim framførte hyllest i form av eigenprodusert tekst, og Leif Vinsrygg , Halvard Muri og Karl Ove Loen krydra opninga med Posten sin jubileumsfanfare. Sjølve opninga var det seks unge friidrettsutøvarar som stod for då dei sprang 60 meter mot snora som vart halde oppe av Sven Flo og Merete Helgheim.

Show var det også etterpå. Anders Muri vann 60 meter på 7,6 som dermed er offisiell banerekord, føre Mathias Melheim og Sondre Guddal Muri. I veteranklassen gjekk Arild Hafsås til topps.