Bergset med flott NM-plassering

Isak Bergset tok i ettermiddag ein sterk 17. plass under NM i orientering.  Foto: (arkiv) privat

Nyhende

Isak Bergset frå Fjelli og NTNUI sprang inn til ein flott 17. plass på langdistansen i NM i orientering i ettermiddag. Han kom i mål 17.34 minutt bak vinnar Olav Lundanes, Halden.

Bergset låg gjennom heile løpet blant topp-tjue på mellomtidene. Han brukte 1.48.38 på den vel 13 kilometer lange distansen.Totalt var det omlag 70 løparar som stilte til start i klassen H21 elite.