Klart for haustens store skiskyttarfestival

Nyhende

I helga arrangerer Markane IL Bendit Rulleskiskytterfestival på Ullsheim, og det er venta  eit stort tal løparar frå Hardbagg, Hornindal, Stårheim, Volda, Synnylven, Valldal og Vik.

Rennet er for alle klasser, frå nybyrjar og oppover. Nokre av området sine fremste utøvarar, representert ved Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland blir også å sjå.

- Vi oppfordrar folk til å kome og sjå og oppleve skiskyting på nært hald. Her blir det topp underhaldning for små og store, mykje idrettsglede og flotte prestasjonar, seier Monica Halsteinslid hos arrangøren. Ho fortel om stor interesse for sporten.

- Skiskyting er spenneande «live» -og ikkje berre på TV. Vi i Markane har hatt ein vekst i talet på aktive dei siste åra, ikkje så rart med dei førebileta vi har i klubben! Vi har også hatt ein del førespurnader etter at forbundet sin smøretrailer var i Stryn med Spenning i sikte tidligare i sommar, fortel Halsteinslid.