Vest Buss utan brasser

Vest er på nytt ein heilnorsk bussfabrikk etter at selskapet har kjøpt tilbake eigardelen på 24 prosent frå brasilianske Busscar Ônibus SA.
Nyhende

Samarbeidet mellom Vest og brasilianske Busscar Ônibus vart lansert med brask og bram under den norske bussmessa på Sjølyst i 2001. I februar 2002 vart samarbeidet sett ut i praksis ved kjøp av Scania sin fabrikk i Silkeborg i Danmark. Planen planen var å montere brasilianske bussar som vart sendt over Atlanteren i delar, og som skulle seljast på den europeiske marknaden.

Råka av nedgangstider
Busscar Ônibus satsa stort på samarbeidet, og gjekk inn med 18 millionar kroner i aksjekapital i det som vart Vest Busscar. Men omtrent samtidig som samarbeidet vart etablert, starta nedgangstidene for brasilianarane. Frå å ha ein årsproduksjon på 6.000 bussar i 2001 var fabrikken nede i under 1.000 bussar to år seinare. Dermed gjekk den felles Danmark-satsinga i vasken, og fabrikken vart nedlagt i 2003.

- Samarbeidet med brasilianarene vart aldri det vi håpte på. Etter avviklinga i Danmark har Busscar Ônibus vore med på eigarsida, men ganske passivt. I Stryn har vi også konsentrert oss om våre produkt og Vest-merket, seier administrerande direktør Per Dag Nedreberg.

Gjekk inn med 18 mill
Det er difor ein naturleg konsekvens av det som har skjedd at leiing og styre i Vest og Busscar Ônibus har blitt samde om at den brasilianske eigardelen i Vest Busscar vert kjøpt tilbake.

- Vi har vore i forhandlingar og blitt samde med brasilianarane. Vest-Buss A/S kjøper tilbake aksjane for ein vesentleg lågare sum enn dei 18 millionane Busscar gjekk inn med, seier Nedreberg.

Les meir i papirutgåva