Stryn

Motorfestival for tusener

Stryn sin fjerde Motorfestival laurdag vart ein folkefest av dimensjonar. Nærare 10.000 var innom festivalen som hadde noko å by på for alle motorinteresserte.
Nyhende

I 2008 vart det rekna med at omlag 7.000 vitja festivalen. I fjor var det ennå større oppslutning. Folk vi snakka med laurdag ettermiddag var ikkje i tvil. Dette var den mest besøkte Motorfestivalen til no, og det kokte verkeleg i Stryn sentrum laurdag.

Jørn Sønsterudbråten meiner at minst 8.000-9.000 fekk med seg festivalen, og showet med «Klypa» og påfylgjande konsert med «Kokken Tor» samla rundt 600 i Strynehallen.

Per Vidar Roset som var sentral i planlegginga av både motorshowet og bilutstillinga med paraden, var godt nøgd:

- Vi hadde vel alt i alt 120 utstillingsbilar. Av desse fann vi amcar, andre veteranbilar og gatebilar. Særleg innslaget av gatebilar løfta oss opp på eit nytt nivå. I fjor vart vel 70-80 bilar utstilt, seier Roset.

Det likaste er at Motorfestivalen femnar om alle med interesse for motor. Her er alle typar køyrety, frå fjernstyrte leikebilar for dei minste til store vogntog for yrkessjåførar. I Stryn kunne ein studere bilar produsert over fleire tiår i ro og mak, men også oppleve fart og spenning.

Farten og spenninga vart ivareteken i sjølve motorshowet framfor brannstasjonen med konkurranse i akselerasjon frå 0-75 meter. Oppslutninga vart veldig god med rundt 20 som deltok i konkurransen.



Les meir i papirutgåva