Sluttar som konsernsjef i Dooria

Knut Løvdal Stauri sluttar i Dooria A/S etter 10 år som konsernsjef.
Nyhende

Løvdal Stauri opplyser til Fjordingen at det no vert arbeidd med å få på plass ein ny konsernsjef og at han i ei tid etter ny tilsetjing også vil stå til disposisjon for den nye leiinga.

- Det har vore flotte og innhaldsrike år i Dooria, og eg er spesielt glad for at vi nyleg har fått på plass ei ny finansieringsløysing som gjev Dooria musklar til å vekse vidare. Tidspunktet kjennest då rett til å overlate direktørstolen til nye krefter, seier Stauri.

Knut Løvdal Stauri har vore konsernsjef i Dooria AS sidan 2000. Trass i finanskrisa med sterkt redusert byggjeaktivitet, har Dooria i denne perioden utvikla seg til å bli eit av dei leiande selskapa i Norden innan produksjon av inner- og ytterdører med ein interessant nummer to posisjon i Norge og Sverige. Dooria har fem fabrikkar, ein i Utvik og ein i Årdal samt tre i Sverige. Selskapet har 316 tilsette, og omsette i 2009 for NOK 477 millionar, fordelt med om lag 60 prosent i Sverige, 30 prosent i Norge og 10 prosent i andre nordeuropeiske land.



Les meir i papirutgåva.