Holen-tunnelen klar til neste år

Anleggsdrifta startar 1. november og strekninga får ein flaskehals mindre.
Nyhende

Tunnelen ved Holen på fylkesveg 60 Olden - Innvik blir klar til sommartrafikken neste år. Anleggsdrifta startar 1. november og strekninga får ein flaskehals mindre.

- Det er lagt opp til anleggsstart 1. november og tunnelen skal vere ferdig til 1. juni neste år, seier prosjektleiar Oddvar Skrede. Når det er sagt 1. juni er det fordi dei ikkje vil ha tilbake same trafikkproblema med anleggsdrift og sommartrafikk som dei har hatt i år.

Når tunellen er på plass, vil ein ein av dei verste korkane på vegstrekninga Olden - Innvik vere borte.



Les meir i papirutgåva