Tekne med narkotika etter bilkrasj i Vikane

Etter at ein bil køyrde i fjellveggen på fylkesveg 60 mellom Utvik og Innvik tysdag kveld, vart det konstatert at dei to personane i bilen hadde med seg narkotiske stoff.
Nyhende

- Den eine av dei to personane blir anmeld for å ha køyrt bil i rusa tilstand, og han måtte gje frå seg førarkortet. Begge personane blir anmelde for å vere i besittelse av narkotika, opplyser lensmann Inger Lill Lanes. Ho legg til at dei to personane er i 30-åra og frå Bergen-området. Begge er tidlegare kjende for politiet.

Det var klokka 22.17 tysdag kveld politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen mellom Utvik og Innvik. På grunn av at det nettopp var fyrt av ei dynamittsalve på veganlegget mellom Olden og Innvik, måtte politiet frå Stryn ta seg forbi anleggsområdet til fots for så å bli køyrt til ulukkesstaden av ein bil som vart tilkalla frå Innvik-sida. Dei var framme klokka 23.15.

Det viste seg å vere to personar i ulukkesbilen, og det var straks grunn til å mistenkje sjåføren for å vere påverka av rusmiddel. Ransaking viste at både sjåføren og passasjeren hadde brukarmengder av hasj og amfetamin med seg.

- Begge vart tekne med til Sandane for blodprøve. Seinare vart dei køyrde til arrest i Førde der dei vert avhøyrde no i dag, opplyser Iensmann Inger Lill Lanes.