Fire skadde i frontkollisjon

Fire personar er sende til sjukehus etter ein kraftig frontkollisjon på fv 60 ved Holen i ettermiddag.
Nyhende

Ulukka skjedde ved Holen på fv 60 mellom Olden og Innvik rett etter kl. 16.00. I følgje politibetjent Vidar Stavik var to personbilar, ein heimehøyrande i Stryn og ein i Gloppen, samt sørgåande ekspressbuss mot Bergen involverte i ulukka.

- Det kan sjå ut som om det har vore ein forbikøyringssituasjon der ein personbil køyrde forbi bussen og frontkolliderte med ein møtande bil. Ein av bilane var også borti bussen. Bilen som køyrde forbi vart liggjande på taket i grøfta etter kollisjonen, opplyser politibetjent Vidar Stavik. Etter avhøyr på ulukkesstaden valde politiet å beslagleggje førarkortet frå den unge føraren av bilen som køyrde forbi.

Det var to personar i kvar av personbilane. I bilen som køyrde forbi bussen sat to ungdomar i slutten av tenåra, medan det i den møtande bilen sat to kvinner i 70-åra. Tre personar med lettare skader vart køyrde til Førde sentralsjukehus i ambulanse etter ulukka, medan den hardast skadde vart sendt til Førde i luftambulanse. Sitasjonen for vedkomande er i kveld uavklart. Politibetjent Stavik seier kollisjonen var så kraftig at det er utruleg at den ikkje fekk endå meir dramatiske konsekvensar.

Fylkesveg 60 var stengd i halvannan time medan redningsarbeidet og oppryddinga pågjekk.