Slutt på ventetida på strekninga Ugla - Agjeld

Det er slutt på ventetida på strekninga Ugla Agjeld for dei veg farande. Om ei veke vil arbeidet med 500 meter ny veg mellom Olden og Innvik, vere avslutta.
Nyhende

Arbeidet skulle vore avslutta 15. mai, men eit ras førde til sikringsarbeid og utsetjing slik at arbeidet kom inn i sommartrafikken.

- I etterkant får vi seie at det var hell i uhellet at raset kom før vegen var ferdig, seier Aase.

Då vi var innom anlegget onsdag var det klargjering for siste asfaltlegginga. Siste veka går med til oppsetjing av gjerde og busslommar.

Vi reknar med å ta bort femtiskilta til neste helg, og det vil bli grundig skilting for å markere smalare veg på begge sider av den nye strekninga, seier Aase. Han reknar med stillstand på strekninga Olden - Innvik til månadsskiftet oktober/november. Det er anbodsopning for Holen-tunnelen og omlag 1.000 meter ny veg, 31. august.

Dei som ferdast strekninga Olden - Innvik dagleg og gjerne to gonger for dag, er letta over at det er slutt på venting og dei lange køane som fylgde med.

Eg har køyrt her dagleg i 20 år, fortel Steinar Frøholm som arbeider ved Fluor Lux i Stryn.

I ein anleggsperiode må vi berre akseptere at det blir slik. Vi veit trass alt at det blir betre etterpå, seier Frøholm. Han trur ikkje at denne strekninga åleine vil løyse problema på Olden - Innvik.

Det som verkeleg vil hjelpe er Holentunnelen. Eg skulle også ynskje at dei hadde utbetra fire-fem strategiske punkt på resten av strekninga. Då hadde vi verkeleg merka ei betring, seier Frøholm som ser fram til at det skal bli utbetring for heile strekninga.



Les meir i papirutgåva