Bil på taket i Innvik

Han var på veg til Trondheim etter bilhandel i Bergen, men i Innvik køyrde mannen inn i eit brukar og velta. Dermed vart BMW'en fullstendig smadra.

  Foto: Magne Gunnar Holen

  Foto: Magne Gunnar Holen

Nyhende

Mannen i den kraftige BMW'en var på veg nordover til Trondheim då han kl. 13.15 laurdag køyrde inn i eit brukar vis a vis Heimlund i Innvik. Dermed velta bilen over på taket og vart liggjande på tvers over fylkesveg 60. Eine hjulet og delar av forstillinga vart slått av i den kraftige samanstøyten med brukaret, og bilen vart sterkt ramponert. Føraren som var åleine i bilen kom seg ut av vraket ved eiga hjelp, og vart teken hand om av lege på staden. Deretter vart han sendt i luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

- Lege på staden og mannskap frå luftambulansen sa at det såg bra ut, men ut frå skadeomfanget på bilen ville dei likevel ha mannen til sjukehus for ein skikkeleg sjekk, opplyser politibetjent Vidar Stavik.

Han seier det ikkje er mistanke korkje om promillekøyring eller høg fart. Bilen var ein sportsbil, men Stavik meiner kollisjonen i brukaret kan ha skjedd ved eit hendeleg uhell.

Vegbana var stengd ein periode i samband med ulukka.

Berre fire minutt før ulukka i Innvik fekk politiet melding om trafikkulukke på rv 15 ved Grande camping. Her hadde ein bil kome utfor vegkanten og kvelva i grøfta. Utforkøyringa førte ikkje til personskade. Dermed var heller ikkje politiet til stades på denne ulukka.