- Her må sikrast

Espen Aarreberg slår alarm etter at det i løpet av kort tid har vore fleire alvorlege trafikkulukker på fv 60 ved ungdoms-huset Heimlund i Innvik.

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Magne Gunnar Holen

Nyhende

- No hastar det med tiltak som hindrar fleire ulukker. Det må umiddelbart setjast opp skilt som fortel bilistane om den smale passasjen mellom brukara på fv 60. I neste omgang gjeld det å få skifta betong-brukara med autovern. På sikt må det byggjast gang- og sykkelveg inn til sentrum, fastslår Espen Aarreberg til Fjordingen.

Sist laurdag var det igjen blålys og full utrykking til ulukkespunktet vis a vis ungdomshuset Heimlund i Innvik. Ein BMW køyrde inn i eine brukaret og hamna på taket. Når ein ser bilvraket som la seg på tvers i vegbana, er det ufatteleg at føraren kunne klatre ut med eiga hjelp.

Les meir i papurutgåva