Mannefall i Dooria

I alt fem leiarar ved Dooria A/S sitt hovudkontor i Stryn er ute av verksemda eller i ferd med å avslutte sitt arbeidsforhold i konsernet i løpet av året.
Nyhende

Fjordingen har vore i kontakt med dei fem, men ingen ønskjer å stå fram i intervju.

-Årsakene til oppseiingane er nok samansette. For min del er dei personlege med mykje pendling og reising. Situasjonen for bedrifta med mangel på løsnemd har ikkje endra seg dei siste åra. At Credo Partners no gjennom kapitalutviding til 60 millionar kroner er inne som majoritetseigar i konsernet, har ikkje endra mi beslutning. Fleire har nok teke beslutninga før ny eigar kom inn i biletet, seier ein av dei fem. Enkelte legg ikkje skjul på at viktige stillingar kan bli flytta til Oslo.

Styreleiar og mellombels konsernsjef Jon E. Bjørstad seier at det ikkje er uvanleg at mange sluttar i ein omstillingsfase, men at han er noko overraska over omfanget når ny eigar går inn med så stor kapital i verksemda. Den nye konsernsjefen vil vere på plass til nyttår, og vedkomande skal sitje i Oslo. Dooria A/S skal framleis ha kontor i Stryn, og mange leiarar får sentrale roller, men delvis i nye posisjonar i organisasjonen. Tidlegare konsernsjef Knut Arild Løvdal vart måndag formelt løyst frå kontrakta si etter at han sa opp stillinga tidlegare i år.



Les meir i papirutgåva