To unge stryningar mista lappen

To stryningar i 20-åra mista førarkortet etter råkøyring onsdag kveld.
Nyhende

Strynepolitiet heldt onsdag ettermiddag og kveld laserkontroll på ulike stader der det ofte vert klaga over høg fart. På fylkesveg 60 i 80-sona mellom Innvik og Utvik vart ein ung sjåfør frå Stryn kommune teken i 118 km/t tidleg på kvelden. Tre timar seinare vart ein annan stryning i 20-åra teken i 119 km/t i 80-sona på rv 15 ved Nedstryn kyrkje. Begge forholda tilseier inndraging av førarkortet i mellom tre og fem månader.

Det vart ikkje skrive ut forenkla førelegg i kontrollane.