Opnar to år gamal veg i Utvik

Den 90 meter lange fylkesvegparsellen i Utvik sentrum som stod ferdig asfaltert i august 2008, er omsider klar for gjennomkøyring.
Nyhende

- Det er meiningslaust at trafikantane ikkje får nytte vegen slik han er tenkt, uttalte kommunepolitikar Per Kjøllesdal på seinhausten i fjor.

Stryn kommune forskotterte vegen for å gje tilkomst til det nye bustadfeltet i Tisthamhagen. Men fylkeskommunen mangla pengar til å fullføre anlegget som omfattar ein større del av Utvik sentrum. Etter ferien gjekk Utvik Maskin i gang med arbeidet. Og no er vegen klar for opning.

- Vi må ha trafikken over på denne vegen for å kunne jobbe i nedre gate. Der blir det ikkje lenger gjennomkøyring, opplyser Arne Hage til Fjordingen.



Les meir i papiravisa