For høge radon-verdiar i barnehage

Utvik barnehage har fått påvist for høge radonverdiar i gamleskulen. Etter pålegg frå miljøretta helsevern, er det sett i verk tiltak for å få redusert konsentrasjonen av det farlege stoffet.

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

- Vi har montert avtrekksvifte og tetta sprekker. Nye målingar vil vise om dette er tilstrekkeleg, seier styrar Per Inge Seime til Fjordingen.

Eli Katrin Kirkeeide, leiar for miljøretta helsevern i Stryn kommune, står bak kravet om tiltak.

- Målingar i 2006 synte radonverdiar tett opp under 300 Bq/m³. Dette er over den gjevne grenseverdien på 200 Bq/m³ og med 100 Bq/m³ som tiltaksgrense. På dette grunnlaget vart det gjennomført ny måling vinter/vår 2010. Analyseresultatet som ligg føre slår fast at radonkonsentrasjonen i stove/opphaldsrom i 1. etasje i Utvik barnehage er for høg, mellom 200 og 300 Bq/m³. Radon kan forårsake lungekreft, og risikoen aukar med radonkonsentrasjon i innelufta og med opphaldstida. Radon førekjem i alle slags bygningar og total radonrisiko skuldast summen av opphald i ulike bygningar: Skule, jobb, fritid og privat bustad, skriv Eli Katrin Kirkeeide i brev til Utvik barnehage v/styrar Per Inge Seime.

Statens strålevern, som det øvste rådgjevande organ på feltet radon, tilrår at alle bygningar bør ha så lågt radonnivå som mogleg og innanfor tilrådde grenseverdiar: Tiltaksgrense 100 Bq/m³, maksimumsgrenseverdi på 200 Bq/m³.

Miljøretta helsevern tilrår ikkje godkjenning av Utvik barnehage etter Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. før det kan dokumenterast radonverdiar så låge som mogleg og maksimum under grenseverdien på 200 Bq/m³, understrekar Kirkeeide, og gjev barnehagen frist til 8. oktober med å utarbeide tiltaksplan.

Les meir i papirutgåva