Forskingsmidlar til utvida bringebærsesong

Innvik Fruktlager får forskingsmidlar til eit prosjekt der hovudmålet er å få til ei bærekraftig utviding av bringebærsesongen.

  Foto: Inge Fænn

Nyhende

I alt tre forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane får stønad. Det er Innvik Fruktlager BA, Lærdal Grønt BA og Stiftinga Vestlandsforsking som er med og deler potten på 21 millionar som Regionalt forskingsfond Vestlandet no har delt ut.

Styret for Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFFV) har gjennomført sin første tildelingsrunde. Til saman ti forskingsprosjekt i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane får dele 21 millionar kroner.

- Dette vil løfte regionen. Hovudprosjekta som er tildelt midlar arbeider med å finne svar på nokre av dei store spørsmåla som opptek næringslivet på Vestlandet. Får vi svar på desse spørsmåla, vil det løfte fram heile regionen, seier styremedlem i RFFV, Torill Selsvold Nyborg.

Det er førebels ikkje klart kor stor del av dei 21 millionane kvart prosjekt får. Dette vil verte avgjort i kontraktsforhandlingane med kvar einskild. Dei ti utvalde prosjekta hadde eigentleg søkt om til saman 31 millionar kroner.

Indre Nordfjord har hatt ein kraftig auke i bringebærproduksjonen siste åra. Trailer på trailer rullar til dei store byane med konsumbær i høgsesongen, og det nye prosjektet blir ei ny utfordring for produsentane.

Innvik Fruktlager har prosjektet, men det blir produsentane som må gjere jobben. Målsetjinga er å utvide bringebærsesongen både vår og haust. Veksthus kan vere eit alternativ, men det må vere lønsemd om det skal vere aktuelt å gå vidare, seier dagleg leiar ved fruktlageret, Svein Kvamme. Det er så tidleg at det det er vanskeleg å gå nærare inn på detaljar no. Det var først torsdag dei fekk vite om midlane, og han reknar med at dei ikkje kjem i gang med møteverksemd før i november når fruktsesongen har lagt seg.