Ordførar Edvin Haugen tek attval

Hornindal-ordførar Edvin Haugen har bestemt seg for å stille til attval ved kommunestyrevalet neste haust.

  Foto: Hans Holmøyvik

Nyhende

Då Fjordingen på seinsommaren hadde ein spørjerunde mellom representantane i Hornindal kommunestyre, var ordføraren av dei som sa han var i tenkjeboksen når det gjeld å stille på nytt ved valet i 2011. No har dei nødvendige brikkene av privat karakter falle på plass, og Edvin Haugen har bestemt seg.

- På spørsmål frå partiet om eg vil stille meg til disposisjon som Høgre sin ordførarkandidat ved kommunestyrevalet, har eg svara ja, seier Haugen. 30-åringen er no inne i sin andre periode i kommunestyret. For godt og vel eitt år sidan overtok han ordførarklubba etter at partikollega Bjørn Lødemel vart vald inn på Stortinget.

- Det har vore eit veldig spennande år. Vi har mange interessante saker å jobbe med i Hornindal, seier Edvin Haugen. Han nemner mellom anna idrettshallen og det som skal skje med fylkesveg 60.

- Kva blir største utfordringa framover?

- Ingen tvil om at nettopp fylkesveg 60 blir ei hard nøtt å få på plass. Så må vi gjere Honndalen attraktiv fram mot opninga av Kvivsvegen. Å føreta dei rette grepa for å utnytte effekten av det nye vegsambandet, er svært viktig, seier ordførar Edvin Haugen.