- Ei dramatisk beslutning

Dagleg leiar for Vest Buss Gruppen AS, Per Dag Nedreberg, legg ikkje skjul på at det er både dramatisk og trist å avvikle bussproduksjonen i Stryn med tanke på dei mange som ved ei slik nedlegging vil miste arbeidet.

  Foto: Ove Sveen

Nyhende

Avviklinga inneber at bussfabrikken i Stryn blir nedlagt i slutten av januar 2011.

- Som venta var det sterke reaksjonar på allmøtet fredag føremiddag då vi meddelte dei tilsette om styret si beslutning, seier Per Dag Nedreberg til Fjordingen. Tilbakemeldingane var til dels kraftige. Sjølv om leiinga har hatt kontakt med dei tillitsvalde, var det nok overraskande for mange at bussproduksjonen blir heilt nedlagt i Stryn. Nav er varsla om situasjonen, og at det er planlagt ein avvikling gjennom ei gradvis og styrt nedtrapping i vekene framover.

Av dei 111 som jobbar på Vest i Stryn i dag, meiner Nedreberg å kunne tilby 10-15 av desse jobb i anna verksemd Vest vil ha i Stryn. Verkstadavdelinga, lakkavdeling, tectylering og anna vedlikehald av bussar vil føregå her.

- Av ei årsomsetning på 400 millionar kroner i Vest Buss Gruppen, knyter 100 millionar kroner seg til bussfabrikken i Stryn. I konkurranse med lågkostland og det faktum at bussmarknaden stadig meir etterspør komplette bussar, får vi ikkje lønsemd i bussproduksjonen, seier Per Dag Nedreberg.

I tillegg til Stryn har Vest verkstaddrift i Arna ved Bergen, Lillestrøm, Helsingborg i Sverige og frå nyttår også i Haugesund. Salg av deler og busskomponentar der hovudlageret er på Lillestørm held fram.

- Største omsetninga målt i kroner har vi på sal av komplette bussar som vi importerer og som er produserte i Tsjekkia. Men verkstaddelen er den delen vi tener mest pengar på, seier Per Dag Nedreberg etter den dramatiske beslutninga om å leggje ned bussfabrikken i Stryn