- Ein av mine tyngste dagar

- Dette er ein av dei aller tyngste dagane i mine 11 år som ordførar i Stryn, seier Nils Petter Støyva.

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Stryneordføraren sine tankar går først og fremst til dei over hundre som misser ein god arbeidsplass.

- Eg har stor forståing for deira frustrasjon og oppgittheit. Sjølv om nokre vil få seg arbeid i anna verksemd, blir det ei problematisk tid for svært mange, fastslår Nils Petter Støyva.

- Var du informert om den vanskelege situasjonen til Vest Buss i Stryn?

- Ja, eg og fleire andre frå Stryn kommune har sidan ferien vore i jamn dialog med Vest Buss. Avgjerda kom såleis ikkje som noko stor overrasking. Likevel har dei siste dagane vore forferdeleg tunge med tanke på dei tilsette og dei store ringverknadane dette får for den enkelte og strynesamfunnet.

- Har de vore jobba med alternative løysingar?

- Eg kan opplyse at det har vore gjort forsøk på få skaffe andre interesserte til å overta deler av produksjonen på Vest, men vi kom dessverre ikkje i mål. No er det viktig at Stryn kommune saman med Innovasjon Norge og andre sørgjer for at det blir ny aktivitet i industrianlegget. Sjølv om situasjonen er aldri så trist, må vi sjå framover. Eg veit at her finst folk som kan vidareføre deler av produksjonen.

- Stryn kommune blir også råka direkte som aksjonær i Visnes Industripark?

- Vi sit med 49 prosent av aksjane og er innstilte på at det vil få konsekvensar at bussproduksjonen sluttar. Der vil likevel vere ein restaktivitet som treng lokale. Kor stor del av anlegget det er snakk om, veit vi ikkje i dag. Det er også viktig å få fram at Vest Buss Gruppen held fram med sal av IRIS bussar og service, seier ordførar Nils Petter Støvya til Fjordingen.