- Tragisk for tilsette og lokalsamfunn

Hovudtillitsvald Terje Solvang fortel om bitterheit og sterke reaksjonar mellom medlemmane. - Dette er tragisk for tilsette og lokalsamfunnet, slår han fast.

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

- Det kom mange sterke kjensleutbrot etter at leiinga varsla nedlegging av bussproduksjonen. Vi var klar over at ting ikkje gjekk som detskulle, men hadde aldri drøymt om avvikling. Såleis kom avgjerda som eit sjokk, seier Terje Solvang.

- Er de samde med styret i at det ikkje lenger er lønsamt å produsere bussar i Stryn?

- Nei, tillitsvalde og folka på golvet meiner at det framleis vil vere liv laga for bussproduksjon i Stryn. Her er mange dyktige fagfolk, men leiinga har ikkje synt vilje til å investere i utstyr som gjev rasjonell og lønsam produksjon. Det er vår påstand, så får leiinga seie kva dei meiner.

- Kan det bli snakk om ny bussproduksjon i Stryn?

- I så fall må det skje raskt. Som einaste bussprodusent i Norge, sit vi med ein spesiell kompetanse. Dersom folk finn seg anna arbeid, forsvinn denne kompetansen. Å byggje opp eit nytt fagmiljø vil vere heilt umuleg. Så dersom nokon vil overta, må de skje umiddelbart.

- Kva med anna produksjon i lokala?

- Vi må arbeide for at det framleis vert aktivitet i bygget. I den samanheng kan det vere aktuelt å sjå kva dei har fått til i Årdal. Kva som måtte bli av ny produksjon er ikkje så viktig berre det er levedyktig.

- Korleis vert dei tilsette sine interesser ivaretekne i nedleggingsprosessen?

- Her er folk med frå ein til seks månaders oppseiingstid. Om alle skal gå her fram til sluttdatoen eller få utbetalt lønna, veit eg ikkje. Vi har i det helie mange spørsmål som må avklarast, ikkje minst det som går på pensjonsrettar. Representantar frå Fellesforbundet kjem til Stryn over helga og vil hjelpe til at det blir ein ryddig og korrekt prosess, sluttar Terje Solvang.