Prioriterer helse og omsorg

Helse- og sosialutvalet i Stryn ber formannskapet prioritere fleire hjelpande hender på omsorgssentra og i heimesjukepleien. Ombygging av aldersavdelinga i Vikane er ei anna hastesak.
Nyhende

- Vi kan ikkje halde fram med at ni brukarar i Innvik som bur på 11 rutemeter, må gå ut på gangen for å nytte to bad/toalett, fastslo helse- og sosialsjef Berit Wetlesen etter å ha fått spørsmål om behovet for ombygginga til 4,8 mill. kroner.

Innvik-prosjektet er saman med bygging av ni samlokaliserte bustader for funksjonshemma på Toningsleirane, kalkulert til 22,8 mill. kroner, og 3 millionar kroner til prosjektering av den store utbygginga på Stryn omsorgssenter, inne på lista over investeringstiltak som helse- og sosialutvalet sende over til formannskapet.

Når det gjeld driftstiltak som må prioriterast i 2011, er det brei semje om å opprette ny stilling på Stryn arbeidssenter frå 1. juli, tilføre heimesjukepleien eit halvt årsverk, opprette eitt årsverk som fast vikar på Vikane omsorgssenter og tilsetje to faste vikarar på Vikane omsorgssenter. Etter sterk oppfordring frå helse- og sosialsjefen, bør det også setjast av 472.000 kroner til IKT-stilling dedikert pleie- og omsorgssektoren.