Utfor vegen ved Karistova

Føraren kom lettare til skade då ein bil køyrde utfor fylkesveg 60 i svingen like nedanfor Karistova på Utvikfjellet.
Nyhende

Politiet opplyser at dei fekk melding om utforkøyringa litt over midnatt natt til torsdag. Bilføraren vart teken hand om av helsepersonell. Det var ikkje andre køyretøy involverte i uhellet. Årsaka til utforkøyringa er ikkje kjend. Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand.