Svakt år for Innvik Kraftverk AS

Innvik Kraftverk AS produserte 35 GWh i 2010. Det er 20 GWh under prognosen som låg til grunn for utbygginga.
Nyhende

- Vi har bak oss eit ekstremt tørt og snøfattig år. Utan magasin gjev dette store utslag. Det er også eit faktum at elvekraftverka produserer minst i kuldeperiodar. I vekene før jul var det så lite vatn at vi måtte stoppe kraftverket i Innvik. Snøen som kom i nyttårshelga, verkar positivt. Men det er likevel berre så vidt Innvik Kraftverk AS ruslar og går. fortel Jan Træen.

- Årsproduksjon på 35 GWh betyr raude tal for Innvik Kraftverk AS?

- Nei, vi får positivt resultat.

- Energisjefen sitt nyttårsønskjeter meir nedbør?

- Ja, for straumproduksjonen sin del vonar eg at Vestlandet får oppleve eit snørikt og vått 2011, seier Træen.