- Fullstendig idiotisk

Utvalsleiar Per Kjøllesdal (Sp) brukte uvanleg sterke ord då han kommenterte fylkeskommunen sitt utspel om å avvikle dei offentlege tannlegekontora i Innvik og Olden.
Nyhende

- 250 skuleelvar, barnehageborn og eldre har i dag gangavstand til tannlege. Det vil vere fullstendig idiotisk samfunnsmessig om desse må køyrast til Stryn. Fylkeskommunen bør finne meir fornuftige innsparingar, hevda Per Kjøllesdal (Sp) med styrke.

Stryn kommune er gjort kjend med at fylkeskommunen held på med strategiplan for tannhelsetenesta og at denne skal opp til politisk handsaming i første halvår 2011. I den samanheng er det opplegg for å leggje ned den offentlege tannhelsetenesta sitt kontortilbod både i Innvik og Olden. Grunngjevinga for å samle tenestene til eitt kontor i Stryn sentrum, er både faglege omsyn og innsparing av kostnader.

Les meir i papiravisa