Kom seg på land sjølv etter å ha køyrd på fjorden

Føraren av bilen som køyrde på fjorden mellom Innvik og Utvik er komen til rette, og redningsaksjonen er avslutta.

  Foto: Jogeir M. Agjeld

Nyhende

Det var kl 21.45 politiet fekk melding om skader på autovernet på fv 60 mellom Innvik og Utvik. Då det vart oppdaga ein bil i fjorden, vart det slått full katastrofealarm. Brannvesen, politi, ambulanser og Sea King redningshelikopter med redningsdykkarar rykte ut, og det vart og førebudd strandsøk ved hjelp av båtar.

Rett før kl. 23.00 kunne politiet melde om at føraren av bilen dukka opp på staden kort tid etter at redningsmannskap hadde nådd fram. Føraren som viste seg å vere ein gut på 17 år hadde sjølv kome seg på land, sprunge heim og fått på seg tørre klede før han tok seg tilbake til ulukkesstaden.

I følgje politiet er årsaka til ulukka ukjend. Det er ikkje mistanke om promillekøyring. Ettersom bilføraren var 17 år, hadde han ikkje førarkort. Den unge mannen har overfor politiet stadfesta at han var åleine i bilen.