Bru Svarstad-Frøholm mest lønsame E39-line

E39 langs indre line med bru over Nordfjord mellom Frøholm og Svarstad er samfunnsøkonomisk mest lønsamt. Det går fram av Statens vegvesen si konseptvalutgreiing.
Nyhende

Måndag vert det nytt møte om konseptvalutgreiinga for E39 mellom Skei og Ålesund. I dette møtet vert det lagt fram opplysningar som syner at det indre alternativet er samfunnsøkonomisk mest lønsamt. Indre line er 87 km frå Skei til Volda, gir 66 minutts køyretid og er kostnadsrekna til 4,5 milliardar kroner.

Tunnelar og bru

Indre line går i tunnel under Utvikfjellet og veg i dagen til Innvik. Etter Innvik går vegen inn i ny tunnel til Frøholm. Litt oppe i fjellsida går den over i hengebru over Nordfjord til Svarstad. Ei bru som vil gå 70 meter over vassflata og dermed gi klaring for cruiseskipa på veg til og frå Olden. Ved Svarstad vil vegen gå inn i ny tunnel under Langesethøgda og kome ut i dagen att i Markane. Deretter går vegen inn i ny tunnel frå Øyebakken til Grodås for så å knyte seg til Kvivsvegen.

Tre langsiktige alternativ

Kjell Kvåle, prosjektleiar for KVU-arbeidet, fortel at Statens vegvesen no har med sju ulike alternativ for framtidig E39 mellom Skei og Ålesund. Samtidig seier han at vegvesenet sit att med tre langsiktige alternativ. Det eine er indre line med fjordkryssing mellom Frøholm og Svarstad i Stryn kommune. Det andre er dagens E39 via Sandane til Anda og bru til Lote. Derifrå ein åtte km lang tunnel til Breisvora og vidare langs Hornindalsvatnet til Kjøs, Grodås og Kvivsvegen. Denne lina gir ein avstand mellom Skei og Volda på 116 km, køyretid på 89 minutt og ein prislapp på 5,0 milliardar kroner.

Det tredje alternativet inneber også fjordkryssing med bru Anda- Lote, derifrå tunnel og veg til Mogreina, veg gjennom Stige-dalen og bru over Voldafjorden. Dette alternativet gir ein avstand på 84 km og køyretid på 65 minutt mellom Skei og Volda. Men alternativet har ein prislapp på heile 8,6 milliardar kroner, altså nær dobbelt så mykje som indre line.

Av dokumenta som vert lagt fram måndag går det fram at målsetjinga for E39 er ein køyretid mellom Skei og Ålesund på to timar i år 2040. Langs dagens E39 tek det 3,5 timar å køyre frå Skei til Ålesund. Kjell Kvåle stadfestar at indre line med fjordkryssing i Stryn kombinert med Festøya fastlandssamband mot Ålesund gir om lag to timar køyretid, dersom desse løysingane skulel bli valde.



Les meir i papirutgåva